Menneskene du blir kjent med i Syngande hjarte, har gått gjennom ild og vann for det de tror på og for den de er. Møt Lill Olsen i Stongfjorden, Oddvar Torsheim i Førde, Georg Olafr Reydarsson Hansen i Gudvangen, Cily Shakti og Aron Altinpinar i Bergen, Elisabeth Gallefoss og Benedicte Brun - mennesker du ikke trodde fantes, men som lever blant oss på Vestlandet.


Oddvar: – Då eg låg der og hadde det som verst, høyrde eg ei bestemt, klar stemme som sa «No er det nok!»
– Eg veit ikkje om stemma kom frå meg sjølv eller frå Vårherre, men eg høyrde ho høgt og tydeleg, og eg lydde henne.


Lill: Vegen var både lang og smal... Det hadde gått 50 år sidan den førre bebuaren flytta ut. – Eg har fått det akkurat slik eg ønska meg. Her er det så aude at vi okkar oss over trafikken om det passerer fire bilar på same dag.


Elisabeth: – Eg hadde snakka om døden i ei heil veke på førehand, gjekk med ei kjensle av at noko grufullt skulle skje, ei kjensle av at no mister vi kvarandre. Men eg trudde det var min eigen død eg sansa. Ikkje min mann sin. Ikkje Ali sin.


Aron: – Ein kan ikkje forvente at folk skal sjå på homofili som normalt når det ikkje er det. «Homo» er et skjellsord i dagens samfunn.
– Når eg snakkar med folk, blir dei meir opne. Men så lenge homofobi finst i alle samfunnsledd, trur eg ikkje at ein vil få bukt med det.


Cily: – Ei stund hadde eg hengande på skutesida eit svart yogaflagg med eit kvitt aum-symbol, eit heilagt hinduistisk teikn. Folk som passerte over Småpudden, trudde det var eit IS-symbol på grunn av fargane. «Kem é hon der IS-damen som har flyttet inn?» lydde spørsmålet frå bryggenaboane.


Georg: Med mor og stefar i den støvete storbyen, og i lag med farmor og farfar på Vatnahalsen høgfjellshotell, mellom lyng og grøne mosetuer heilt øvst i Flåmsdalen, vaks han opp, Georg Olafr Reydarsson Hansen, høvdingen av Njardarheimr i Gudvangen.


Benedicte: – Vi her i Vesten er så sinnssjukt privilegerte. Eg har ikkje lyst til å vere med på det. Eg vil ta problema i verda på alvor og prioritere deretter. Det er mange ulike måtar å gjere det på. Å bu i tipi er berre ein av dei.